Blogg

28. apr, 2018

Hurra for Basta (bilete), Saga, Rico, Arn og Anthon som fyller 1 år i dag.

12. apr, 2018

Aura og Basta er glade for at våren endelig kom til Leikanger. No skal det grillast šŸ˜Ž Solfaktor er for pyser šŸ˜…

6. apr, 2018

Aura slappar av i godstolen etter bursdagsfeiring med å leite opp ein haug med både levande og daude hjortar i dag. Elles har ho og sola seg ein del i dag šŸ˜‰ Hipp hurra for beste Aura som er 5 år i dag. Helsar og til søskena. Spesielt Kiara og Enzo šŸ˜Š

19. mar, 2018

Årets utstillingssesong er i gang, og kvelpane til Aura og Bastl er no gamle nok til å delta i juniorklasse.

Hittil har Basta og Arn debutert.

Basta stilte omtrent på dagen ho var 9 mnd (juniorklasse er frå 9-18 mnd). Ho fekk veldig god kritikk og Exc. Visstnok gikk me for ein dommar som held CERT tett til brystet spesielt når det gjeld unghundar. Han skrytte voldsomt av ho, og meinte ho kom til å verte veldig bra når ho hadde fylt i kroppen litt meir. Prestasjonsmessig var ikkje det so mykje å skryte av frå mi og Basta si side Vinker Nervane tok overhand hjå meg, og Basta hoppa meir enn ho gikk. Tydeligvis klarte dommaren likevel å sjå stega hennar, so han må ha vore veldig oppmerksom Ha ha

I helga debuterte Arn på si fyrste utstilling, og han gjorde reint bord Smiler stort Exc. CK CERT BIR

Det er stas når det tikkar inn melding frå kvelpekjøpar med ei slik beskjed. I gruppefinalen vart han nr 5 av 39 hundar.

6. feb, 2018

Alltid herlig å ta seg ein tur hit seier Aura, dronninga av Midtundalen.