Aura har fått løpetid

Aura har fått løpetid, og planlegging av tur til Tyskland er i full gang. Me reiser fyrste helga i mars, og håpar på blindpassasjerar heim att 😊

Planar kull 2018/2019

Hannhund til Aura er bestemt.

Planen er å bruke Caspar vom Glotterbach.

Meir informasjon om Caspar er her https://www.dachsbracke-online.de/cms/images/Zuchthunde2015/Zuchtrueden/Caspar_vom_Glotterbach/Ahnentafel%20Caspar%20vom%20Glotterbach.pdf

 

Caspar vom Glotterbach er ein 4 år gamal hannhund frå Tyskland. Han er 36 cm, mørk hjorterød og HD A. 

 

Eg har starta å sjå etter ny hannhund me kan bruke på Aura.

Då vert det mest sannsynlig parring i desember/januar. Satsar på at minst mogleg av jakta vert øydelagd 😉

Denne gangen og ser me til utlandet. I Norge er det per i dag ikkje hannhundar me kan bruke på Aura.

Kjøpe kvalp?

Ynskjer du å kjøpe kvalp frå oss, ta Kontakt 🙂

 

 

Aura fekk kvalpar 28.04.2017

Aura var i dag på ultralyd.

Parring 24-26.2

Aura vart parra med Bastl Vom Haderholz siste helga i februar. Dei fekk fleire vellykka parringar, so no vert det spennande å sjå om det vert resultat.

Bastl er ein utruleg flott hund, med eit fantastisk lynne. For dei som har møtt Aura, ho har godt lynne. Og Bastl har minst like godt lynne. Dei gikk godt saman frå fyrste stund 🙂 Leika, og gjorde det som var naturleg for dei i ein slik situasjon😉

I tillegg til godt lynne so har Bastl gode jakt- og sporegenskapar, og bra eksteriør.

So då er det berre å vente på kvalpar i slutten av april 👍

 

Løpetid

Kvalhornets Aura fekk løpetid 14. februar (2017). Me har starta med forberedelse til Tysklandstur, og går alt etter planen vert ho parra siste helga i februar.

Planlagt kull

Me planlegg parring på Kvalhornets Aura på neste løpetid som mest sannsynleg vert april/mai 2017.

Hannen me vil bruke er tysk, og er nøye utplukka i samråd med avlsleder i Tyskland.

Viktigaste kriteria ved valg av hannhund var føttene, sidan Aura har litt vridde frambein. Sette og kriterie at hannhund skal ha HD A sidan Aura har HD B.

Begge foreldra har gode jakt- og sporeigenskapar.

Hannhunden me skal bruke er Bastl Vom Haderholz.

Bastl Vom Haderholz

Bildet er henta frå www.dachsbracke.de

 Meir informasjon om Bastl finn du her og på www.dachsbracke.de