Oppdateringar

24. feb, 2019

Aura har fått løpetid, so til neste helg går turen til Tyskland for å besøke Caspar 😀

 

24. des, 2018

Avtale med hannhund i Tyskland er gjort. Valget falt på Caspar Vom Glotterbach (biletet).

Caspar var ein av hannhundane eg blinka meg ut då eg satt og gikk gjennom avlsgodkjente hundar i Tyskland. Då var det litt artig at han var den fyrste dei anbefalte som kombinasjon tl Aura. Veldig kjekt med ein bekreftelse! Valget vart ikkje so vanskelig å ta då 😉

Aura er ikkje komen i løpetid endå, men skal innrømme at det egentlig er ganske godt. Hadde ikkje gjort meg noko å feire jul i Tyskland, men reise og overnatting kunne bydd på nokre praktiske problem når det er so mykje raude dagar. I tilllegg har eg vore sjuk siste veka. So mykje for å ta ferie siste veka før jul 🤒

Men, det går nok over dette og 😉

Blir spennande med kvalpar igjen, og me kryssar fingrane for at alt går bra og det vert eit fint resultat.

 

Håpar alle har hatt eit godt jakt- og ettersøksår.

 

GOD JUL 

frå Kennel Sognalosen

 

24. okt, 2018

Har diverre ikkje vore flink å oppdatere heimesida siste månadane, so får ta ei lita oppsummering.

 

Basta frå Sognalosen har starta si "karriere" innan både utstilling og prøver. Har hittil gjort det meget bra på utstillingane. Treng framleis ein del ringtrening, og blir lei før ho kjem i gruppefinalen. Det er vel føraren og, so me er godt nøgde når me kan reise heim 😉

Før jakta gikk Odd Rune og Basta bevegelig blodspor- og fersksporprøve med kjemperesultat 😀

Solid 1. premie på blodspor og heile 10 poeng på ferskspor. Dette blir jo som å hoppe etter.... so eg har ikkje "manna" meg opp til å gå opp med ho sjølv 🙃

Jaktmessig kan me heller ikkje klage. Ho søker bra ut og har tatt ut fleire dyr.

 

Det som er nesten enda kjekkare er å høyre at det går like bra med resten av kullet og. Det er ikkje ei selvfølge! Alle kvelpane til Aura har vore på utstilling og fått veldig gode kritikkar. Tre har gått opp til prøve og er godkjente ettersøksekvipasjer. Alle jagar godt, og fleire er skutt dyr for i los. Utrulig kjekt og spennande (til tider nervepirrande) å følge med utviklinga til kvelpane. Me har kjekke kvalpekjøperar som gir jevnlig tilbakemelding på utviklinga 🙂

 

Aura har hanka inn fleire titlar. I vår gikk ho og Odd Rune ei bevegelig sporprøve med 1. premie som resultat. Det var den prøva ho mangla for å kunne søke tre titlar, so no heiter ho NSEVCHNJ(SCH)CH Kvalhornets Aura. Dei stilte og på ordinær sporprøve i slutten av mai. Fekk 1. premie og vart prøvens andre beste hund.

Ein merkar godt at Aura har fått meir erfaring. Ho er ein solid og god ettersøkshund og jakthund. Og framleis den gode familiehunden å ha i hus, sjølv om Basta trekker ho opp til leik.

Reknar med at Aura kjem i løpetid i desember/januar, og då går truleg turen til Tyskland att for parring. Har funne eit par hannhundar som er aktuelle å bruke, og vil legge ut meir informasjon om valget når det er endelig.

26. jul, 2018

Kjekt med besøk av bestevenninna, Lizzi 😊

28. apr, 2018

Hurra for Basta (bilete), Saga, Rico, Arn og Anthon som fyller 1 år i dag.