11. mar, 2017

14 dagar

No er det 14 dagar sidan me var i Tyskland og Aura fekk treffe Bastl. Me køyrde heimafrå tysdag etter jobb, overnatta på Flå og køyrde vidare til Oslo onsdag morgon for å ta ferja til Kiel. Det var bra med sjø over Skagerak, men Aura takla det bra.

Me kom til Schondra torsdag ettermiddag. Fredag morgon slapp me Aura og Bastl saman for fyrste gang. Det var full klaff og kjærleik ved fyrste blikk! Vill Som den gentlehunden Bastl var, so gjorde han seg kjent med Aura før han prøvde seg.

Både me og Aura hadde ei kjempefin helg i Schondra, og er veldig glad for å ha blitt kjent med både Bastl, Hubert og Roswitha.

Vielen Danke Hubert, Roswitha und Bastl Smiler stort