21. mar, 2017

25 dagar

Aura har vore i veldig fin form hittil i drektigheta. Ulike teikn gjorde til at eg trudde ho var drektig, men det var likevel ein lettelse å få det konstatert med ultralyd. Eg har heile tida vore sikker på ho har tatt seg, men då timen til ultralyd var bestilt vart eg visst nervøs Ha ha

No kan det sjå ut som morgonkvalmen har meldt sin ankomst, for den enorme appetitten som Aura har hatt sidan me var i Tyskland er vekke. Ho et maten sin til slutt, men "pirkar" mykje i den og brukar lang tid. Særskilt om morgonen Vinker