20. apr, 2017

Dag 55

Kvelpinga nærmar seg meir og meir, og siste veka har me brukt på å gjere heilt klart til kvelping.

I påska hadde me besøk av Kornelia som hjalp til å male kvalpekasse. Den vart kjempefin 😀

Odd Rune sette opp gjerde i hagen, slik at Aura og kvelpane får ein friplass og me til seinare har ein treningsplass/friområde utan å måtte tenke på bandtvang. Sidan me har heilt nytt hus, prøvar me so godt me kan å sikre huset frå kvalpetenner. Me har laga ei stor plate som me kan sette opp grinder rundt etterkvart som kvelpane veks til og treng litt boltreplass. Blir spennande å sjå om det fungerar, eller om huset får spor etter at det har vore kvelpar her 😉

Aura er ganske stor, søv mykje og har vorte matvrak. Heldigvis er ho i god form.