18. jun, 2017

7 veker

Kvelpane er no 7 veker, og me har målt føttene på dei. Føttene kan målast tidlegast ved 7 vekers alder og maks 8 veker. Då kan ein anslå kor stor sannsynlighet det er for at høgda på kvelpen vert innanfor standardmål ved vaksen alder. Kvelpane våre har alle 90 % sannsynlighet for å verte innanfor standardmål når dei er utvaksne 🙂 Det er sjølvsagt ingen garanti, og 5 % kan slå til, men 90 % er no mykje sikrare enn 5 % 😉

I helga har me besøk av foreldra mine og Anton, hunden deira. Eg var forberedd på at Anton ikkje fekk sleppe inn, og han og Aura måtte haldast adskilt. Neida, ingen problem. Aura helste han hjertelig velkommen og slapp han opp i stova der kvelpane er. Anton og oppfører seg fint, han sitt rolig og ser på kvelpane. Dei får lukte på han, og studere krøllane (Anton er puddel). Største forvirringa er vel kanskje at ein av kvelpane heiter Anthon, so det kjem springande minst ein hund kvar gang eg ropar Anton/Anthon 🙃