14. sep, 2017

Jakta er i gang

Hausten er komen, jakta er i gang og tida spring frå meg. (Det er og travlaste tida på jobb). Tradisjonen tru, so hadde me fyrste jaktveka i Eivindvik. Fyrste jakthelga var det tre dachsbrackar i Midtundalen. Aura, Rico og Basta. Kvelpane kosa seg ute i skogen, og var godt slitne etterpå. Aura og gutta stakk etter kvart til fjells for å sjå etter hjorten, og då vart eg og kvelpane att sidan me tenkte det vart litt lang tur for dei. Me veksla på leik og moro, soving og trening ute i skogen. So trur dei hadde det greit sjølv om dei ikkje fekk vere med på sjølve jakta. Det vart forresten felt 3 dyr den fyrste helga, og sjølvsagt fekk kvelpane vere med litt på slaktinga. Stor stas 😀

På bildet: Rico sjekkar ut terrenget 🙂