25. okt, 2017

Hundesnop

"Alle" hundar elskar lever, iallefall gjer mine det Vinker Eg har prøvd å tørke lever som godbitar tidlegare, men då vart det noko klissete saker som ikkje var so kjekt å putte i lomma. Hunden likte det sjølvsagt, men som treningsgodbitar i lomma vart det litt skivebom.Ha
 ha

No har eg fått det til Liker

Tin levera om den er frosen. Skjer opp i skiver, og kok den i ca 20 minutt. Skal vere heilt gjennomkokt. Avkjøl levera, og skjer den i terningar. Legg terningane i tynt lag på plate med bakepapir. Tørk levera i ovnen på varmluft på ca 100 grader i 1-2 timar. La dei avkjøle seg i ovnen, so får dei tørka litt ekstra på ettervarmen. Det går heilt fint med fleire brett samtidig.

Aura og Basta ga full score på smak, og eg kan fint ha godbitane i lomma utan at det blir klissete. Smiler stort