19. mar, 2018

Utstillingssesong

Årets utstillingssesong er i gang, og kvelpane til Aura og Bastl er no gamle nok til å delta i juniorklasse.

Hittil har Basta og Arn debutert.

Basta stilte omtrent på dagen ho var 9 mnd (juniorklasse er frå 9-18 mnd). Ho fekk veldig god kritikk og Exc. Visstnok gikk me for ein dommar som held CERT tett til brystet spesielt når det gjeld unghundar. Han skrytte voldsomt av ho, og meinte ho kom til å verte veldig bra når ho hadde fylt i kroppen litt meir. Prestasjonsmessig var ikkje det so mykje å skryte av frå mi og Basta si side Vinker Nervane tok overhand hjå meg, og Basta hoppa meir enn ho gikk. Tydeligvis klarte dommaren likevel å sjå stega hennar, so han må ha vore veldig oppmerksom Ha ha

I helga debuterte Arn på si fyrste utstilling, og han gjorde reint bord Smiler stort Exc. CK CERT BIR

Det er stas når det tikkar inn melding frå kvelpekjøpar med ei slik beskjed. I gruppefinalen vart han nr 5 av 39 hundar.