Oppdateringar

11. nov, 2017

I dag fekk Basta oppleve snøen for fyrste gang. Då var det ikkje so lett å konsentrere seg om harespor, men etter å utforska snøen ei stund vart spora mest spennande likevel 🐇

10. nov, 2017

Som mor, så datter 😉 Opplading før jakt i morgon 👌

25. okt, 2017

"Alle" hundar elskar lever, iallefall gjer mine det 😉 Eg har prøvd å tørke lever som godbitar tidlegare, men då vart det noko klissete saker som ikkje var so kjekt å putte i lomma. Hunden likte det sjølvsagt, men som treningsgodbitar i lomma vart det litt skivebom.🙃

No har eg fått det til 👍

Tin levera om den er frosen. Skjer opp i skiver, og kok den i ca 20 minutt. Skal vere heilt gjennomkokt. Avkjøl levera, og skjer den i terningar. Legg terningane i tynt lag på plate med bakepapir. Tørk levera i ovnen på varmluft på ca 100 grader i 1-2 timar. La dei avkjøle seg i ovnen, so får dei tørka litt ekstra på ettervarmen. Det går heilt fint med fleire brett samtidig.

Aura og Basta ga full score på smak, og eg kan fint ha godbitane i lomma utan at det blir klissete. 😀

19. okt, 2017

Hausten er ei flott tid for matsank til både folk og hundar 🙂

17 kg hundemat til Aura, Basta og Anton fell nok i smak.

30. sep, 2017

Basta vart BIR på kvalpeshowet til Bergens Selskaps- og Brukshundklubb. Saga stilte og. Dommaren var godt fornøgde med begge, og meinte dei var meget lovande. Dommar var Barbara Müller frå Sveits.