Kvelpane har fått si eiga side.
Oppdateringar
Det ser ut til at det er bloggen eg brukar til små oppdateringar, so følg med på den 😉
Kvalpekassa
A-kull
28.4.2017 fekk Aura sitt fyrste kull. Kjønnsfordeling var heilt etter boka; 3 tisper og 3 hannar. Diverre mista vi den siste tispa, so status er 2 tisper og 3 hannar.
Kvelpane veks og vert meir og meir aktive for kvar dag. Den fyrste åpna augene om morgonen (mulig natta 😉) den tiande dagen. Deretter gikk det ikkje lang tid før alle hadde åpna augene.
Aura er flink og steller fint med kvelpane sine 😀
Ho har ikkje endra atferd i det heile etter ho fekk kvelpane. Me har ikkje prøvd å ha heilt framande folk i hus enda, men dei ho kjenner frå før tek ho like hjertelig i mot som vanleg. Til og med når broren kom og campa utanfor eit par dagar var det heilt greit. Dei er bestevennar frå før, men eg hadde rekna med ho ikkje var so interessert i besøk frå han når ho hadde kvelpar. Der tok eg feil. Ho gjekk til og med gladelig tur med han.